top of page
Illustrasjoner forside.png

KORLEIS KAN ME FÅ FLEIRE TIL Å FLYTTE TIL BØMLO?

KORLEIS VART 
TILFLYTTARSTRATEGIEN TIL?

Ifølge SSB (2022) står mange distriktskommunar i dag ovanfor ein situasjon der folketalet er forventa å synke fram mot 2050, samstundes som befolkningsveksten i og rundt dei største byane vil halde fram å auke. Det vert peika på at det særleg er dei unge frå distrikta som søkjer seg til byane, og som ein konsekvens av dette ser ein større konsentrasjon av eldre på bygda. Med fleire eldre og færre unge, vil distriktskommunar kunne oppleve utfordringar knytta til reduserte skatteinntekter og auka press på offentlege tenester, samt mangel på arbeidskraft til lokalt næringsliv. 

Så korleis skal ein unngå å bli ein del av denne framskrivinga, og få fleire til å flytte til Bømlo?

Som ein start på å løysa utfordringa er det i 2023 utarbeida ein tilflyttarstrategi for Bømlo som peikar på satsingsområda som er særleg viktige å arbeida med framover. I dette arbeidet har det vore vesentleg å arbeide kunnskapsbasert. TIlflyttarstrategien som er utarbeida, er basert på forsking på flyttemotivet til folk, brei medverknad og faglege analysar knytta til stadsutvikling.

37 bedrifter på Bømlo har gått saman om eit bredt samarbeid og spleisa for å få finanisert arbeidet med ein tilflyttarstrategi. Ein strategi som skal hjelpe oss å gjere dei rette tiltaka for å bli ein så attraktiv stad som mogeleg å bu, og få fleire til å busetja seg her, og arbeida i bedriftene våre.

På denne nettsida finn du ei oversikt over kunnskapsgrunnlaget som er nytta som grunnlag for strategiarbeidet. Det er òg moglegheit for å laste ned strategien og årlege tiltaksplanar, som vil bli nytta i det vidare arbeidet med å gjere Bømlo meir konkurransekraftig, og ein meir attraktiv stad å bu.

 

Tilflyttarstrategien er utarbeida av LÉVA Urban Design for Bømlo Næringsråd. 

Dei som har vore med på å finansiere strategien:

Advision - Amundsen Diving - bluesystems - Bremnes Seashore - Bømlo fiskerihavn - Bømlo Næringsråd - Bømlo Skipsservice
- Bømmelfjord - Eidesvik Invest - Eidesvik Offshore - Embicon - Evik - Finnås Kraftlag - Fremskridt Laks - Fylkesnes Fisk - GAC - Haugesund Sparebank - i4Factory - ilder - Langevåg Bygdatun - LÉ
VA Urban Design - LOS Elektro - LOS Marine - Marine Manager - Martech Marine & Industriservice - Masterloop - multiSAFE - Nora Invest AS - Olvondo Technology - Sparebanken Vest - Stiftelsen Espevær Assuranseforening - TESS - UNITECH Offshore - Wave Propulsion - Wärtsilä Norway - Zinus

bottom of page