TILFLYTTARSTRATEGIEN
Tilflyttarstrategien har eit breidt tilfang som tek med seg både folkehelseperspektiv, heilskapleg stadsutvikling og samarbeid på tvers mellom næringsliv, kommune, frivilligheit og andre sentrale aktørar.
Strategidokumentet er meint som grunnlag for å sikra at dei tiltaka som vert satsa på, aukar sjansane for å lukkast, samstundes med at det har til hensikt å gje eit heilskapleg bilete på kva ein må arbeida med, og kvar avhengigheiter ligg, for å oppnå auka attraktivitet for tilflytting.
Strategidokumentet tek ikkje føre seg beskrivelsar eller tiltak som gjeld spesifikt korleis ein skal behalde alle som i dag er busett på Bømlo. Det er viktig å påpeike at dette ikkje må gløymast i framtidig arbeid med å oppnå auke i folkesetnaden, og styrka attraktiviteten til staden.
