top of page

Kvar og kvifor flyttar me?


Folk har til alle tider flytta på seg. Inanfor forskinga eksisterer det difor ein lang tradisjon for å søkje kunnskap om kva som driv folk til å velje å flytte frå eit stad til eit anna. Gjennom åra har ulike teoriar og metodar blitt utvikla for å forstå flyttemønster og flyttemotiv hos ulike delar av befolkninga. Forenkla kan ein seie at ein på den eine sida har vore interessert i å kartleggje kva tankar folk har omkring å flytte, inkludert deira behov, preferansar og ynskje. Medan ein på den andre sida har lagt meir vekt på å forstå den faktiske flytteatferda i befolkninga sett i lys av det ein veit om personleg motivasjon for å flytte (Sørlie, 2006). Begge perspektiva bidrar til å gi oss viktig informasjon om kvar og kvifor folk flyttar.





Push, pull eller stay?

Flytteforsking legg gjerne vekt på å forstå kva overordna faktorar, prosessar og strukturar som bidrar til å tiltrekke, halde att, eller skubbe innbyggjarane vekk frå ein stad (Sørlie, 2006). Ein omtaler gjerne dette som "push", "pull" og "stay"-faktorar. Teoriar som tar utgangspunkt i denne måten å forstå flyttestrømmar på, peikar gjerne på "push"-faktorar som dei elementa ved staden ein bur og eigen livssituasjon som fører til at ein ynskjer å flytte derifrå. "Pull"-faktorane er på den andre sida dei eigenskapane ein gjerne tillegg eit anna stad enn eigen bustad, som gjer at dette staden framstår som attraktivt og innbydande å bu på (Skålholt & Batt-Rawden, 2008). Det har i forskinga generelt vore mindre fokus på dei som vel å ikkje flytte, men bli buande på ein stad (Aasland & Søholt, 2019).







"Fokusering på push, pull og stay-faktorane kan bidra til å tydeleggjere kva ein kan gjere noko med lokalt" - Søholt et al. (2012, sx)

Det "gode liv" som flyttemotiv

Forståinga av push og pull faktorar har utvida seg frå å primært omfatte materielle forhold som arbeid og bustad som utgangspunkt for å forstå folk sine flyttemotiv, til også å inkludere meir immaterielle faktorar som til dømes omdømme, kultur, stadsidentitet og sosiale forhold (ibid s 33). Skålholt & Batt-Rawden (2008) peikar på at dette skuldast at meir tradisjonelle økonomiske motiv for å flytte har mista noko av si betydning, sett opp mot meir immaterielle motiv som til dømes "det gode liv". Dette stemmer godt overeins med dagens forståing av flyttemotiv som noko dynamisk og foranderleg, og dermed noko som vil kunne endre seg både i tråd med større endringar i samfunnet og kva livsfase ein er i (Skaar, 2015, Sørlie, 2006, SSB, 2007).


Distrikta krympar og blir stadig eldre

På lik linje med mange andre land, har ein i Noreg sett ei auka sentralisering dei siste 100 åra. Ifølge SSB (2022) står mange distriktskommunar i dag overfor ei situasjon der folketallet er forventa å synke fram mot 2050, samtidig som befolkningsveksten i og rundt dei største byane vil halde fram med å auka. Det peikast på at det særleg er dei unge frå distrikta som søkjer til byane. Som ein konsekvens av dette ser ein ein større konsentrasjon av eldre på bygda. Med fleire eldre og færre unge, vil fleire distriktskommunar kunne oppleve utfordringar knytte til reduserte skatteinntekter og auka press på offentlege tenester (SSB, 2017). SSB (2017) peikar på at stor utflytting frå distrikta kan få store konsekvensar for dei som blir verande. Desse individua kan oppleve at lokalsamfunnet blir meir sårbart dersom redusert folketall fører til at offentlege tenester og bedrifter vert lagde ned, arbeidsløysa aukar, nærmiljøkvalitetar og tilbod vert reduserte, og ein opplever større vanskar med å selje bustader. Blant forskarane er det ei hypotese om at desse negative effektane kan ha ei sjølvforsterkande effekt på sentraliseringa, ved at lågare bustadkvalitet i distrikta vil føre til at endå fleire vel å busette seg i urbane strøk (SSB, 2017).


Færre vil i framtida ha "røter" i distriktet

Sørlie (2006) peikar både på direkte og indirekte konsekvensar av at stadig fleire unge og unge vaksne flyttar til byane. Den mest direkte og umiddelbart synlege effekten er at ei viss prosentdel av dei unge i distrikta kvart år flyttar og busett seg i byen og dermed reduserer talet på unge som blir att på bygda. Den indirekte effekten av dette oppstår når dei unge bestemmer seg for å ikkje flytte tilbake, men etablerer seg og blir buande i og rundt byane. Dei borna deira og neste generasjon vil dermed vekse opp meir sentralt, og denne generasjonen vil ikkje ha same "røter" til distriktet som foreldra sine. Fordi val av bustad som vaksen har vist seg å vere tett kopla til oppvekststad, vil det vere sannsynleg at desse unge vil føretrekke å etablere seg og buande i urbane område (Sørlie, 2006).






Kan trenden snu?

I Noreg har ein drive ein sterk distriktspolitikk for å dempe dei negative effektane av utflytting frå bygda (SSB, 2007). Til tross for dette har ein ikkje klart å snu trenden. Samanlikningar av flytte- og bustadsmønster i Noreg og Sverige kan likevel tyde på at tiltaka har hatt ein viss effekt, der sentraliseringsprosessen har vore sterkare hos våre naboar i aust (ibid.). For å motverke avfolking i distriktet, har det blitt sett i gang mykje forsking og arbeid for å finne ut ikkje berre korleis ein motverkar utflytting, men også korleis ein kan auka tilflytting (Wiborg, 2005). Sentralt i dette arbeidet har vore å forstå dei lokale utfordringane og behova for å identifisere kva grep som faktisk vil bidra til befolkningsvekst. Dei stadene som lukkast kjenneteiknast gjerne av ei kultur for samarbeid på tvers av aktørar og sektorar, god involvering både av lokalsamfunn og tilflyttarar, og evna til å utarbeide løysingar som faktisk svarer på reelle utfordringar staden står overfor (Distriktssenteret, 2020).

"Mange kommunar slit med å gjere tilflyttingsarbeidet sitt nok konkret og målretta" - Distrikssenteret (2014, s4)"
130 views

Recent Posts

See All

Bolig og boligpreferanser i distriktet

Generelt sett anses bolig som et viktig premiss for valget om å flytte. Undersøkelser av nordmenns flyttemotiver, viser imidlertid at bolig er en mindre viktig motivasjonsfaktor for dem som flytter ti

Σχόλια


bottom of page